4. Juli

6 juli, 2009 av def

På laurdagar når man har fri, er det meininga at man skal sove lenge og vakne utkvilt. Dette er noko dei fleste ungar har problemer med å skjøne, så Sigurd vekte meg grytidlig som vanlig, og skulle ha meg til å bygge ferdig nokre av lego-figurane han hadde fått. Vi bygde ein stor Edderkopp, og eit av Star Wars-skipa han hadde fått. Sidan det var laurdag og vi hadde kake, unna vi oss litt av denne også.

I og med at det var steikande sol, gikk vi ut i hagen og leika litt der i stedet.. Etter ei stund vart det rett og slett for varmt, så eg tok meg ein liten pause i skyggen, og drakk brusen som var igjen etter selskapet i går.

Utover dagen begynte Stine og Kristine å mase etter kake på jobb, så eg og Sigurd gikk til sentrum og ga dei kvart sitt stykke. Dette noterer eg egentlig berre slik at eg husker det til ein anna gang :)
Då butikkane skulle stenge, fant vi ut at det var på tide å komme seg heim og lage middag, så vi gjekk innom Mix og kjøpte oss kvar sin smoothie-is, og så gjekk vi heim.

Heime vart det til at vi steikte piccolini’s og åt endå ein is til dessert.

Til slutt på kvelden vart det til at eg rydda kåken sånn nokon lunde, og la meg etter å ha spist ein Daim-is til kvelds.

3. Juli

6 juli, 2009 av def

Herregud så trøtt eg var i dag tidlig. Eg trur eg brukte ein time på å overtale meg sjølv til å stå opp. Sigurd brukte litt tid han også, men han var egentlig meir interessert i å leike med dei nye leikane sine, enn å gå i barnehagen.. Til slutt var eg i ihvert fall på beina, og så slentra vi av gårde opp bakkane til barnehagen. Etterpå bar det heim igjen der eg steikte rundstykker som eg smurte med nugatti (hmm, fekk ein følelse av deja vu..) og så åt eg dette før eg skulle på jobb. Sidan været var så sinnsjukt bra, valgte eg å gå heile vegen (ikkje berre ned til bussen altså).

På jobb vart det ikkje så mykje mat å skryte av, men på vegen heim måtte eg ta ut pengar til nytt busskort, så då kjøpte eg ein pakke Söta Bjørnar for å få tatt ut, så den åt eg medan eg venta på bussen. Etter dette henta eg Sigurd, og vi sprang innom butikken for å kjøpe nokre småting vi måtte ha til bursdagsselskapet (lenge leve nedoverbakkar og “siste liten”.) Så gjekk vi heim, der første gjesten kom 2 minutt etter oss. På eit lite kvarter var den ellers så fredelige leiligheta mi snudd på hodet til å ha 7-8 ungar springande i alle retningar i eit tempo berre 6-åringar klarer. Vi klarte heldigvis å samle gjengen slik at vi kunne ete litt mat. På menyen stod det sjølvsagt Pølse med brød, og dette var stor suksess hos både store og små. Då alle var forsynte spratt ungane rundt og det var totalt kaos ei stund. Nokon ville inn og bygge lego, nokre ville være ute og sparke ball (helst ut i veien, slik at eg måtte hente den), og nokre ville springe rundt og plage naboane. Vi hadde heldigvis endå eit ess i ermet, og samla troppane for å få gitt dei kake og muffins, og der såg det ut som om muffinsane gjekk av med seieren, ettersom nesten alle var vekke i løpet av få minutt. Kaka levde litt lenger. Då alle hadde lada opp sukkernivået sitt igjen, var det tid for meir kaos, og nokre fant til og med konfetti-greiene Sigurd hadde lurt meg til å kjøpe, så plutselig var heile området fylt opp av høge smell og fargesterke remser som låg overalt. Til slutt samla vi gjengen nok ein gang, så dei kunne få “fiske snop” fra vinduet. Kva som er opphavet til denne leiken veit eg eigentleg ikkje, men å sjå ungane stå fint og rolig i kø for å fiske opp ein pose smågodt er ganske priceless. Etter dette var det ikkje så mykje tid igjen, men ungane leika med gavane til Sigurd, og åt snop.. Eg misunner eigentleg ikkje foreldra som henta ungane sine som sannsynligvis hadde stigande sukkernivå resten av kvelden :p

Då folk var reist, gjekk det plutselig opp for meg kor sliten eg var, og eg slokna på sofaen medan Sigurd leika med ein Sonic The Hedgehog-bamse. Etter at eg kvikna til igjen, blei det havregryn med melk til kvelds på Sigurd, og eg fekk endelig smakt på sjokoladekaka. I og med at eg hadde sove litt, var det jo sjølvsagt umulig å legge seg tidlig, så eg vart sitjande med pcen til klokka var alt for mykje, som vanleg.

2. Juli

4 juli, 2009 av def

I dag starta dagen med bursdagssang til Sigurd, som fylte 6 år. Med gave og the works. Rett før klokka 8 gjekk vi på butikken og kjøpte is, som ungane i barnehagen skulle få på bursdagen hans. Så reiste eg på jobb (etter å ha levert han i barnehagen altså, han vart ikkje igjen på butikken). Eg rakk akkurat å springe innom Rema og kjøpe meg nokre Solskinnsbollar før jobb, men eg gløymde dei heilt.

I 13-tida kom eg på at det kanskje var ein idé å ete. Då fant eg fram solskinnsbollane mine og gikk hardt til verks med å flytte dei fra veska til magesekken. Det gikk heilt fint. Dei var litt blaute sidan det er så sinnsjukt varmt på kontoret, men man er ikkje kresen når man ikkje har fått mat på ei stund. (nokon vil sikkert bytte ut ordet “mat” og sette setningen i andre sammenhengar, men det overlater eg til dei.)
Eg drakk også nokre glas appelsinjuice, slik at eg ihvertfall hadde fått 1 av “5 om dagen”.

Etter jobb bar det rett i barnehagen igjen, der Sigurd sprang rundt med krone på hovudet. Det var stas. Vi gjekk på butikken og kjøpte eingangsgrillar slik at vi kunne servere mat til slekta som kom for å feire bursdag. Etter kvart som folk var på plass, åpna Sigurd gavar, og det var ein latterlig overvekt av Lego Star Wars. Eg hadde kjøpt Darth Vader sin Tie Fighter, men han fekk også Anakin Skywalker sin Tie Fighter, og ein Battle Droid Tank, eller kva den heitte. Det var uansett duka for at vi skulle kunne ha vår eigen lille stjernekrig :)
Etter gaveåpninga var det tid for grilling av både pølser, grillribber, svin (ytrefilet) og sommerkoteletter. Eg var sjølvutnevnt grillmeister og snudde ting når dei blei svarte. God ordning.
Første offeret eg fekk smake på var ei god gammeldags ostepølse med ketchup. Denne såg ut som svartedauden sjølv, akkurat slik som ei godt grilla pølse skal gjere. Etter dette vart det Grillribbe med heimelaga potetsalat, vanlig salat, og fløtegratinerte poteter. Hakket meir smakfullt og innbydande.

Då folk var komt seg heim og sigurd var i seng, nibbla eg Smash og drakk Cola medan eg rydda og bygde Lego. Eg blåste også opp ein drøss med ballongar som eg hengte rundt om i kåken. Ballongar gjer seg faktisk ganske bra som gardiner hvis man henger mange nok i vindauget. Kanskje eg skal begynne å bruke det fast. Må blåse opp nye annakvar dag, men ingen kan påstå at det blir kjedelig. Eg fant også ut at fargesprakande duk med barnslige motiv stod veldig godt i lag med sofaen min. Kanskje eg skal fortsette å bruke den etter selskapet også.

Til slutt var eg lei av å blåse opp ballongar, så eg såg NCIS og åt smash heilt til det var leggetid. Då la eg meg.

1. Juli

3 juli, 2009 av def

I dag tidlig oppdaga eg at sola har laga eit biiiiittelite tskjorte-skille. På min eigen kropp. Dette er heilt sikkert eit resultat av å ha vindusplass på bussen til jobb kvar dag.

Til frukost blei det to porsjoner luft. Eg drøya heilt til klokka 2 på jobb, då gjekk eg og kjøpte ein baguett på BIT. Denne gangen vart det marinert kylling. Jævlig godt. Men eg hadde jo aioli-ånde resten av dagen. Sucks to be kundane mine. :)

Etter jobb måtte eg ut og handle meir bursdagsgreier, så eg tok turen innom Laksevåg Senter og kjøpte meg ein ny baguette på Big Bite. Dei hadde ikkje meir grovt brød, så eg prøvde det fine brødet. Det var eit ufattelig dårlig valg. Neste gang skal eg heller ete serviettar.

Då eg kom heim begynte eg å rydde, i og med at det skal være bursdag her i morgon tenkte eg at det burde vere litt shiny. Klokka 12 kom eg på at eg ikkje hadde spist noko etter Big Bite, så eg tenkte litt på å lage meg mat, men det blei med tanken. I staden tok eg nokre bitar Smash og eit par slurkar Cola. Food for champions.

30. Juni

2 juli, 2009 av def

I dag var nok ein dag med bråvåkning. Eg tenkte at Sigurd skulle rekke frukosten i barnehagen, så vi sprang ut døra 10 minutt etter vi var våkne. Dette medfører sikkert at eg ser ut som verdens trøttaste person når han blir levert, men han får ihvertfall frukost i lag med alle dei andre ungane. Eg sjølv derimot, er ikkje like flink.

Etter at eg kom heim fra barnehagen blei det til at eg lagde meg nokre skiver med nugatti (hey, når man har boksen ståande på disken, er det veldig lett å falle for fristelsen) og testa ut eit nytt spel, Call of Juarez: Bound in Blood. Ganske fett. Så sendte eg ut invitasjoner til bursdagen til Sigurd, som skal feirast på fredag.

Etter dette reiste eg på jobb, og der vart det ikkje så mykje mat å skryte av. Eg kjøpte ein Pizzabolle for å ha noko å tygge på, men dette er vel ikkje akkurat det ernæringsekspertane ville anbefalt i løpet av ein 8 timars arbeidsdag.

Då eg kom heim satte eg igang med litt smårydding og planlegging av bursdagen til Sigurd, og på tampen av kvelden lagde eg meg eit skikkelig herremåltid av Pommes Frites. Med ketchup. Dette er vel nok eit måltid som eg ikkje trur eksisterer i ei einaste kokebok. Kanskje eg skal skrive ei.

29. Juni

30 juni, 2009 av def

I dag tidleg spratt eg ut av senga. Dette hadde ikkje noko med at eg var utkvilt å gjere. Tvert i mot. I dag skulle Sigurd i barnehagen, og for å rekke frukosten der, var vi nødt til å springe ut døra 10 min etter at eg våkna. Då eg kom heim igjen, lagde eg meg nokre skiver med nugatti, og blanda eit litermål med saft. (Det er veldig greit å drikke av litermål, for då kan man være veldig nøye på kor mykje man drikker. Og så sparer det oppvask.)

Etter dette skulle eg på jobb, og sidan det var så flott vær, bestemte eg meg for å miste bussen, slik at eg kunne gå. Samtidig bestemte eg meg for å bli 5 minutt for sein til jobb. Det er viktig å være bestemt og presis her i verden.

På jobb hadde eg stort sett hendene fulle med å legge inn varer og sette ut varer og selge varer og anbefale varer (you get the point), heilt til klokka halv fire, då kjøpte eg meg eit pizzabrød, eller kva det heiter. Dette er eit oppskrytt stykke bakverk med smelta ost og skinke inni. Eg brukte Coca Cola som skyllemiddel. Hittil kanskje ikkje verdens sunnaste dag.

Om kvelden då eg kom heim, var eg åleine og lite sugen på å lage masse avansert mat, så eg slo meg til ro med ein Fjordlands Svinesteik. Naboane mine i etasjen under hadde rølpefest med såpass høg musikk at naboen i etasjen over meg ikkje orka å vere heime. Nokre av dei byrja til og med å sloss. Jippi. Eg ser fram til ein rolig sommar, dersom dette er standarden på mandager.

Etter kvart roa det seg, og eg kunne atter slappe av med min eigen musikk, medan eg åt ein kjøleskapsfryst Yade (Trippelsjokolade). Kor mange måltid var det eigentleg man burde ete kvar dag? trur eg ligger kraftig under par. Jaja, det blir vel alltids ein ordning. (Når eg havner på gamleheim, med faste måltid og bleieskift..)

28. Juni

29 juni, 2009 av def

I dag vakna eg av at Sigurd brukte meg som hoppeslott. Dette er eit rituale svært mange ungar har om morgonen, dersom foreldra deira er litt gjenstridige med å komme seg ut av senga. Eg måtte etter kvart la han få viljen sin, og så lagde vi frukost. I dag var det toast (ost og skinke) og melk på menyen.

Etter kvart gjekk vi ut i sola, og Sigurd insisterte på å få gå med bukse, for han skulle leike Jedi. Jediar brukar som kjent ikkje shorts. Dei brukar faktisk morgenkåpe, men dette hadde vi ikkje tilgjengelig (ikkje i størrelsen hans, ihvertfall), så han brukte Arsenal-drakt istedet. Kan ikkje få i pose og sekk, veit du.

Utover dagen herja Sigurd rundt med naboane, og eg leste tegneseriar i hagen. Fin ordning. Merk deg også at eg ikkje skriver nokon eksakte tidspunkt i dag. Tid er relativt på søndagar. Klokka 18 (pun intended) gjekk vi inn for å lage middag (og sjå barnetv), men fant raskt ut at vi ikkje hadde så mykje spanande å ete på, så vi steikte ein pizza, og Sigurd gjorde ein tapper jobb med å konkurrere om å ete flest mulig stykker av denne.

På kvelden blei det Havregryn med melk (og sukker) til kvelds på oss begge, og så la eg Sigurd slik at eg kunne prøve ut Final Fantasy VII som eg nettopp har kjøpt på Playstation Store. (Eg la han ikkje slik at eg kunne spele, men fordi klokka var mykje.) Det var ganske nostalgisk å ta fram FF VII etter så mange år. Første gangen var eg ikkje så gamal, og visste ikkje kva det dreia seg om. Men ivrige som vi var i gamle dagar, blei det runda ihvertfall ein gang, og så kom eg vel ihvertfall halvveis før eg la det på hylla andre gangen. (I kveld gadd eg berre å spele ein halvtimes tid.)

Til sist lagde eg meg ny toast (ost og skinke) og glodde på facebook før eg la meg. På senga leste eg det nye M-bladet som datt ned i postkassen her om dagen.

27. Juni

28 juni, 2009 av def

Folk som kan å telle har sikkert lagt merke til at eg hoppa over to dager. Eg har tatt til meg næring altså, eg har berre gløymt å skrive det ned. Trur ikkje det var så vanvittig interessant heller.

I dag var det altså laurdag, noko som pleier å vere einsbetydande med at eg kan sove lenge og ete snop. (kan forsåvidt ete snop kvar dag, men på laurdagar er det liksom offisielt tillatt.) Eg starta dagen med å lage frukost til meg og sigurd. I dag blei det toast, noko som eg er ganske dreven i å lage, etter å ha slitt ut 3-4 toastmaskiner oppigjennom åra. Trikset er å legge osten slik at den stikker ut av skiva, så man får litt sprø ost rundt kanten. Det er ein sikker vinnar.

I halv tolv-tida åpna eg ein Firkløver som hadde fått ligge og godgjere seg i kjøleskapet. Av denne tok eg to rekker, før eg la den tilbake. Litt etter dette gjekk vi på Laksevåg Senter for å hente reflektoren min på posten. Den var større enn eg hadde tenkt, men det var jo egentlig berre ein bonus. Sidan vi var på kjøpesenteret gjekk vi likegodt berserk og kjøpte inn bursdagseffekter til Sigurd sin bursdag, så var i hvert fall det gjort. Vi kjøpte kvar sin is is til sigurd, og spaserte heimover igjen.

Vel heime fant vi ut at vi skulle reise til sentrum, så vi heiv oss på bussen. Den var stappfull, så vi måtte stå heilt framme og tviholde i dei gule stengene for ikkje å fly ut frontruta kvar gang bussen bremsa. Når vi kom fram, gjekk vi innom jobb slik at eg kunne plage kollegaene mine som måtte stå inne på slik ein fin laurdag. Så gjekk vi ut for å kjøpe ny is. Desse måtte etast rimelig fort for å unngå smelting. (Siste setningen skreiv eg egentlig berre fordi eg ikkje husker navnet på isane vi kjøpte.) På vegen heim kjøpte vi ein Slush med jordbærsmak. Det har eg ikkje smakt på sikkert 10 år. Den var god.

Etter kvart som vi var komt heim igjen, var det tid for middag, og litt utpå kvelden lagde eg kyllingfilet med ris og Bali kyllingsaus med salat til. Sannsynligvis noko av det beste eg sjølv har laga på lenge. Den tidligare nevnte firkløveren var på mystisk vis forsvunnet fra kjøleskapet. Eg har nokre mistenkte, men ettersom dei er mindreårige, blir nok denne saken henlagt.

Etter at eg hadde lagt Sigurd, avslutta eg kvelden med King Kong på blu-ray og ein pose chips + cola. Epic Threesome. Lyd- og Bildekvaliteten på King Kong var noko av det vakraste eg har sett/hørt. Chipsen og brusen smakte som forventa.

24. Juni – 8 bits frokost.

25 juni, 2009 av def

I dag starta eg dagen med ein gratis Baguette på Bit. Starta som i at det var det første eg åt, sånn i 14-15tida. Gratis som i at det var 8. stempelet på Bit-kortet mitt. Den allerede nevnte baguetten bestod av grovt brød, majones, salat (usikker på hvilken, men den var grønn), roastbiff, mais, agurk, krydder, og paprika. Det kan ha vore meir på, men det er alt eg husker.

Sånn i 18-tida var eg og Stine lei av å sjå ut på folk som satt i sola og gliste, så vi kjøpte oss is. Eg åt ein Daim-is. Den var mindre og dyrare enn forventa. Rart det der.

Då eg kom heim, lagde eg ein slags wok-rett som faktisk var etande, sjølv om eg ikkje hadde prøvd den varianten før. Oppskrifta kan eg legge ut seinare, hvis eg husker korleis eg laga den.

I og med at “middagen” vart laga i 22-tida, blei det ikkje noko kvelds. Eg hadde faktisk kjøpt ein muffin som eg hadde tenkt å ete etter middagen, men den gløymde eg.

23. Juni

24 juni, 2009 av def

Har du hørt den om nordmannen som ikkje rakk å ete frukost? Eg klarer ikkje å fortelle den slik at den blir morsom, men det var noko med ein buss.

I dag åt eg ein solskinnsbolle i 15-tida. Denne smakte omtrent som alle andre solskinnsbollar, og den var like klissete. Etter denne blei det nokre rundstykker med kvitost, noko som betyr at eg er eit hakk nærmare den dagen då eg skal kjøpe eit anna pålegg. Kanskje eg skulle laga ei slags avstemning slik at folk kunne være med på å bestemme kva eg skal kjøpe? evt kan dokke kommentere her, så har eg nokre utgangspunkt ihvertfall. (ikkje makrell i tomat, og lignande ting)

Då eg var ferdig på jobb var eigentleg planen å lage meg ein skikkelig middag, men så blei eg selvfølgelig ståande og sikle for lenge i kjøttdisken, så eg endte opp med å måtte springe i kassen 2 minutt før bussen min skulle gå, og då hadde eg berre plukka med meg noko svinekjøtt og ein agurk. Dette kunne jo ha blitt interessant hvis eg hadde hatt noko meir ingrediensar heime, men det hadde eg jo såklart ikkje. Oh well, no har eg ihvertfall desse ingrediensane, så kan eg prøve å handle igjen i morgon. Med farten min ser det ut som det blir ein bra middag til helga.

Sidan det ikkje blei noko middag, lagde eg meg 4 skiver istaden. Med Nugatti.

I halv 2-tida gjekk eg ned til sjøen og tok det bildet her medan eg knaska på ei gulerot.

Så la eg meg.