20. Juni

By def

I dag sov eg heilt til klokka 15. Dette var nokre timar meir enn planlagt, men du verden så godt det gjorde.

Det første eg gjorde var å finne ut at eg ikkje hadde noko å ete til frukost (ihvertfall ikkje som eg hadde lyst på), så eg åt ei gulerot for å lure magen til å jobbe litt.

Rundt klokka 17 fant eg ut at det var på tide å reise på butikken, i og med at eg skulle på vorspiel klokka 18. På butikken fant eg ut at eg skulle kjøpe ferdigmat, slik at eg kunne rekke bussen. Ferdigmat var i dette tilfelle Potetmos med pølse. Terningkast 1. At det går an å lage eit så enkelt måltid så dårlig, er nesten utrulig. det hadde faktisk vore mykje billigare (og bedre) om eg lagde det sjølv.

Etter dette var eg innom Idar ein liten svipptur og tok ein Tuborg Lite 0.5l medan eg såg på at Idar spelte PS3 og åt Pomfri med Fiskepinnar.

Etter kvart kom eg meg på vorspielet fashionably late (ca ein time etter at eg sa eg skulle.) Der vart det litt meir fart i konsumet, og eg drakk 3 eller 4 pils før vi gikk ned i 1. etasje der festligheitene skulle foregå. Der fekk vi utdelt Drikkebongar og Champagne. Det var også mulighet for å forsyne seg med fingermat, men eg var litt for opptatt med å drikke med begge hendene.

Etter dette er alt veldig uklart. Einaste eg kan seie med sikkerhet, er at eg var på ein god snurr.

Merkelappar: , , , , , , , ,

Legg att eit svar