Arkiv for kategorien ‘Uncategorized’
6 juli, 2009
Herregud så trøtt eg var i dag tidlig. Eg trur eg brukte ein time på å overtale meg sjølv til å stå opp. Sigurd brukte litt tid han også, men han var egentlig meir interessert i å leike med dei nye leikane sine, enn å gå i barnehagen.. Til slutt var eg i ihvert fall på beina, og så slentra vi av gårde opp bakkane til barnehagen. Etterpå bar det heim igjen der eg steikte rundstykker som eg smurte med nugatti (hmm, fekk ein følelse av deja vu..) og så åt eg dette før eg skulle på jobb. Sidan været var så sinnsjukt bra, valgte eg å gå heile vegen (ikkje berre ned til bussen altså).
På jobb vart det ikkje så mykje mat å skryte av, men på vegen heim måtte eg ta ut pengar til nytt busskort, så då kjøpte eg ein pakke Söta Bjørnar for å få tatt ut, så den åt eg medan eg venta på bussen. Etter dette henta eg Sigurd, og vi sprang innom butikken for å kjøpe nokre småting vi måtte ha til bursdagsselskapet (lenge leve nedoverbakkar og “siste liten”.) Så gjekk vi heim, der første gjesten kom 2 minutt etter oss. På eit lite kvarter var den ellers så fredelige leiligheta mi snudd på hodet til å ha 7-8 ungar springande i alle retningar i eit tempo berre 6-åringar klarer. Vi klarte heldigvis å samle gjengen slik at vi kunne ete litt mat. På menyen stod det sjølvsagt Pølse med brød, og dette var stor suksess hos både store og små. Då alle var forsynte spratt ungane rundt og det var totalt kaos ei stund. Nokon ville inn og bygge lego, nokre ville være ute og sparke ball (helst ut i veien, slik at eg måtte hente den), og nokre ville springe rundt og plage naboane. Vi hadde heldigvis endå eit ess i ermet, og samla troppane for å få gitt dei kake og muffins, og der såg det ut som om muffinsane gjekk av med seieren, ettersom nesten alle var vekke i løpet av få minutt. Kaka levde litt lenger. Då alle hadde lada opp sukkernivået sitt igjen, var det tid for meir kaos, og nokre fant til og med konfetti-greiene Sigurd hadde lurt meg til å kjøpe, så plutselig var heile området fylt opp av høge smell og fargesterke remser som låg overalt. Til slutt samla vi gjengen nok ein gang, så dei kunne få “fiske snop” fra vinduet. Kva som er opphavet til denne leiken veit eg eigentleg ikkje, men å sjå ungane stå fint og rolig i kø for å fiske opp ein pose smågodt er ganske priceless. Etter dette var det ikkje så mykje tid igjen, men ungane leika med gavane til Sigurd, og åt snop.. Eg misunner eigentleg ikkje foreldra som henta ungane sine som sannsynligvis hadde stigande sukkernivå resten av kvelden :p
Då folk var reist, gjekk det plutselig opp for meg kor sliten eg var, og eg slokna på sofaen medan Sigurd leika med ein Sonic The Hedgehog-bamse. Etter at eg kvikna til igjen, blei det havregryn med melk til kvelds på Sigurd, og eg fekk endelig smakt på sjokoladekaka. I og med at eg hadde sove litt, var det jo sjølvsagt umulig å legge seg tidlig, så eg vart sitjande med pcen til klokka var alt for mykje, som vanleg.
Merkelappar:bursdag, kake, muffins, nugatti, Rundstykke, snop
Posta på Matfjas, Uncategorized | Legg att ein kommentar »
4 juli, 2009
I dag starta dagen med bursdagssang til Sigurd, som fylte 6 år. Med gave og the works. Rett før klokka 8 gjekk vi på butikken og kjøpte is, som ungane i barnehagen skulle få på bursdagen hans. Så reiste eg på jobb (etter å ha levert han i barnehagen altså, han vart ikkje igjen på butikken). Eg rakk akkurat å springe innom Rema og kjøpe meg nokre Solskinnsbollar før jobb, men eg gløymde dei heilt.
I 13-tida kom eg på at det kanskje var ein idé å ete. Då fant eg fram solskinnsbollane mine og gikk hardt til verks med å flytte dei fra veska til magesekken. Det gikk heilt fint. Dei var litt blaute sidan det er så sinnsjukt varmt på kontoret, men man er ikkje kresen når man ikkje har fått mat på ei stund. (nokon vil sikkert bytte ut ordet “mat” og sette setningen i andre sammenhengar, men det overlater eg til dei.)
Eg drakk også nokre glas appelsinjuice, slik at eg ihvertfall hadde fått 1 av “5 om dagen”.
Etter jobb bar det rett i barnehagen igjen, der Sigurd sprang rundt med krone på hovudet. Det var stas. Vi gjekk på butikken og kjøpte eingangsgrillar slik at vi kunne servere mat til slekta som kom for å feire bursdag. Etter kvart som folk var på plass, åpna Sigurd gavar, og det var ein latterlig overvekt av Lego Star Wars. Eg hadde kjøpt Darth Vader sin Tie Fighter, men han fekk også Anakin Skywalker sin Tie Fighter, og ein Battle Droid Tank, eller kva den heitte. Det var uansett duka for at vi skulle kunne ha vår eigen lille stjernekrig 
Etter gaveåpninga var det tid for grilling av både pølser, grillribber, svin (ytrefilet) og sommerkoteletter. Eg var sjølvutnevnt grillmeister og snudde ting når dei blei svarte. God ordning.
Første offeret eg fekk smake på var ei god gammeldags ostepølse med ketchup. Denne såg ut som svartedauden sjølv, akkurat slik som ei godt grilla pølse skal gjere. Etter dette vart det Grillribbe med heimelaga potetsalat, vanlig salat, og fløtegratinerte poteter. Hakket meir smakfullt og innbydande.
Då folk var komt seg heim og sigurd var i seng, nibbla eg Smash og drakk Cola medan eg rydda og bygde Lego. Eg blåste også opp ein drøss med ballongar som eg hengte rundt om i kåken. Ballongar gjer seg faktisk ganske bra som gardiner hvis man henger mange nok i vindauget. Kanskje eg skal begynne å bruke det fast. Må blåse opp nye annakvar dag, men ingen kan påstå at det blir kjedelig. Eg fant også ut at fargesprakande duk med barnslige motiv stod veldig godt i lag med sofaen min. Kanskje eg skal fortsette å bruke den etter selskapet også.
Til slutt var eg lei av å blåse opp ballongar, så eg såg NCIS og åt smash heilt til det var leggetid. Då la eg meg.
Merkelappar:appelsinjuice, Coca Cola, grillribbe, Is, ketchup, ostepølse, pølsebrød, potetsalat, salat, Smash, solskinnsbolle
Posta på Uncategorized | Legg att ein kommentar »
2 juli, 2009
I dag var nok ein dag med bråvåkning. Eg tenkte at Sigurd skulle rekke frukosten i barnehagen, så vi sprang ut døra 10 minutt etter vi var våkne. Dette medfører sikkert at eg ser ut som verdens trøttaste person når han blir levert, men han får ihvertfall frukost i lag med alle dei andre ungane. Eg sjølv derimot, er ikkje like flink.
Etter at eg kom heim fra barnehagen blei det til at eg lagde meg nokre skiver med nugatti (hey, når man har boksen ståande på disken, er det veldig lett å falle for fristelsen) og testa ut eit nytt spel, Call of Juarez: Bound in Blood. Ganske fett. Så sendte eg ut invitasjoner til bursdagen til Sigurd, som skal feirast på fredag.
Etter dette reiste eg på jobb, og der vart det ikkje så mykje mat å skryte av. Eg kjøpte ein Pizzabolle for å ha noko å tygge på, men dette er vel ikkje akkurat det ernæringsekspertane ville anbefalt i løpet av ein 8 timars arbeidsdag.
Då eg kom heim satte eg igang med litt smårydding og planlegging av bursdagen til Sigurd, og på tampen av kvelden lagde eg meg eit skikkelig herremåltid av Pommes Frites. Med ketchup. Dette er vel nok eit måltid som eg ikkje trur eksisterer i ei einaste kokebok. Kanskje eg skal skrive ei.
Merkelappar:ketchup, nugatti, pizzabolle, pommes frites, skiver
Posta på Uncategorized | Legg att ein kommentar »
30 juni, 2009
I dag tidleg spratt eg ut av senga. Dette hadde ikkje noko med at eg var utkvilt å gjere. Tvert i mot. I dag skulle Sigurd i barnehagen, og for å rekke frukosten der, var vi nødt til å springe ut døra 10 min etter at eg våkna. Då eg kom heim igjen, lagde eg meg nokre skiver med nugatti, og blanda eit litermål med saft. (Det er veldig greit å drikke av litermål, for då kan man være veldig nøye på kor mykje man drikker. Og så sparer det oppvask.)
Etter dette skulle eg på jobb, og sidan det var så flott vær, bestemte eg meg for å miste bussen, slik at eg kunne gå. Samtidig bestemte eg meg for å bli 5 minutt for sein til jobb. Det er viktig å være bestemt og presis her i verden.
På jobb hadde eg stort sett hendene fulle med å legge inn varer og sette ut varer og selge varer og anbefale varer (you get the point), heilt til klokka halv fire, då kjøpte eg meg eit pizzabrød, eller kva det heiter. Dette er eit oppskrytt stykke bakverk med smelta ost og skinke inni. Eg brukte Coca Cola som skyllemiddel. Hittil kanskje ikkje verdens sunnaste dag.
Om kvelden då eg kom heim, var eg åleine og lite sugen på å lage masse avansert mat, så eg slo meg til ro med ein Fjordlands Svinesteik. Naboane mine i etasjen under hadde rølpefest med såpass høg musikk at naboen i etasjen over meg ikkje orka å vere heime. Nokre av dei byrja til og med å sloss. Jippi. Eg ser fram til ein rolig sommar, dersom dette er standarden på mandager.
Etter kvart roa det seg, og eg kunne atter slappe av med min eigen musikk, medan eg åt ein kjøleskapsfryst Yade (Trippelsjokolade). Kor mange måltid var det eigentleg man burde ete kvar dag? trur eg ligger kraftig under par. Jaja, det blir vel alltids ein ordning. (Når eg havner på gamleheim, med faste måltid og bleieskift..)
Merkelappar:fjordlands, nugatti, pizzabolle, skive, svinesteik, yade
Posta på Uncategorized | Legg att ein kommentar »
28 juni, 2009
Folk som kan å telle har sikkert lagt merke til at eg hoppa over to dager. Eg har tatt til meg næring altså, eg har berre gløymt å skrive det ned. Trur ikkje det var så vanvittig interessant heller.
I dag var det altså laurdag, noko som pleier å vere einsbetydande med at eg kan sove lenge og ete snop. (kan forsåvidt ete snop kvar dag, men på laurdagar er det liksom offisielt tillatt.) Eg starta dagen med å lage frukost til meg og sigurd. I dag blei det toast, noko som eg er ganske dreven i å lage, etter å ha slitt ut 3-4 toastmaskiner oppigjennom åra. Trikset er å legge osten slik at den stikker ut av skiva, så man får litt sprø ost rundt kanten. Det er ein sikker vinnar.
I halv tolv-tida åpna eg ein Firkløver som hadde fått ligge og godgjere seg i kjøleskapet. Av denne tok eg to rekker, før eg la den tilbake. Litt etter dette gjekk vi på Laksevåg Senter for å hente reflektoren min på posten. Den var større enn eg hadde tenkt, men det var jo egentlig berre ein bonus. Sidan vi var på kjøpesenteret gjekk vi likegodt berserk og kjøpte inn bursdagseffekter til Sigurd sin bursdag, så var i hvert fall det gjort. Vi kjøpte kvar sin is is til sigurd, og spaserte heimover igjen.
Vel heime fant vi ut at vi skulle reise til sentrum, så vi heiv oss på bussen. Den var stappfull, så vi måtte stå heilt framme og tviholde i dei gule stengene for ikkje å fly ut frontruta kvar gang bussen bremsa. Når vi kom fram, gjekk vi innom jobb slik at eg kunne plage kollegaene mine som måtte stå inne på slik ein fin laurdag. Så gjekk vi ut for å kjøpe ny is. Desse måtte etast rimelig fort for å unngå smelting. (Siste setningen skreiv eg egentlig berre fordi eg ikkje husker navnet på isane vi kjøpte.) På vegen heim kjøpte vi ein Slush med jordbærsmak. Det har eg ikkje smakt på sikkert 10 år. Den var god.
Etter kvart som vi var komt heim igjen, var det tid for middag, og litt utpå kvelden lagde eg kyllingfilet med ris og Bali kyllingsaus med salat til. Sannsynligvis noko av det beste eg sjølv har laga på lenge. Den tidligare nevnte firkløveren var på mystisk vis forsvunnet fra kjøleskapet. Eg har nokre mistenkte, men ettersom dei er mindreårige, blir nok denne saken henlagt.
Etter at eg hadde lagt Sigurd, avslutta eg kvelden med King Kong på blu-ray og ein pose chips + cola. Epic Threesome. Lyd- og Bildekvaliteten på King Kong var noko av det vakraste eg har sett/hørt. Chipsen og brusen smakte som forventa.
Merkelappar:Bali Kyllingsaus, Coca Cola, firkløver, frukost, Is, kylling, middag, Naturchips, ris, slush, toast
Posta på Uncategorized | Legg att ein kommentar »
25 juni, 2009
I dag starta eg dagen med ein gratis Baguette på Bit. Starta som i at det var det første eg åt, sånn i 14-15tida. Gratis som i at det var 8. stempelet på Bit-kortet mitt. Den allerede nevnte baguetten bestod av grovt brød, majones, salat (usikker på hvilken, men den var grønn), roastbiff, mais, agurk, krydder, og paprika. Det kan ha vore meir på, men det er alt eg husker.
Sånn i 18-tida var eg og Stine lei av å sjå ut på folk som satt i sola og gliste, så vi kjøpte oss is. Eg åt ein Daim-is. Den var mindre og dyrare enn forventa. Rart det der.
Då eg kom heim, lagde eg ein slags wok-rett som faktisk var etande, sjølv om eg ikkje hadde prøvd den varianten før. Oppskrifta kan eg legge ut seinare, hvis eg husker korleis eg laga den.
I og med at “middagen” vart laga i 22-tida, blei det ikkje noko kvelds. Eg hadde faktisk kjøpt ein muffin som eg hadde tenkt å ete etter middagen, men den gløymde eg.
Merkelappar:agurk, baguette, bambusskudd, Daim-is, gulerot, krydder, mais, majones, muffins, nudler, og paprika, roastbiff, salat, svinekjøtt, wok
Posta på Uncategorized | Legg att ein kommentar »
23 juni, 2009
I dag følte eg meg litt meir menneskelig enn i går. Eg våkna klokka 12:07, etter først å ha våkna 10:35 og 11:23 (ok, eg berre fant på tidspunkta, utenom det siste.) Eg åt 2 skiver med Nugatti, samtidig som eg funderte på kor eg hadde fått nugatti frå, for eg kunne ikkje huske å ha kjøpt den. Lurer på om det skjedde på fylla. Til dette drakk eg eit glas melk. Melka veit eg at eg kjøpte på butikken, så den er grei.
Til lunsj vart det nok eit rundstykke med kvitost. Det blir litt einsformig med desse lunsj-måltida mine, delvis fordi eg eter det samme heile tida, og delvis fordi eg prøver å bruke litt mindre pengar. Når eg har tømt ostepakken skal eg kjøpe eit anna pålegg. Så no kan du glede deg til å lese om lunsjen min om ei vekes tid.
Utpå kvelden avtalte eg og Idar at vi skulle sjå film og lage middag. Det blei The Matrix og Taco, ettersom at det var noko ingen av oss hadde spist på lenge. Idar meinte egentlig at dette var å skeie ut, for han hadde blitt ganske sunn i det siste (dei mest oppvakte av dykk husker kanskje at han spiste pomfri med fiskepinner på laurdag). Sunt eller ikkje, tacoen var ganske god, sjølv om vi gløymde ost. Eg drakk også opp all safta hans, med vilje.
Etter dette var det dags att komme seg heim, så eg manna meg opp (tok på meg jakka) og tok fatt på den lange vegen heim. Vel heime åt eg opp melkesjokoladen eg hadde byrja på på sundag. Chipsen hadde eg heller ikkje gjort heilt ferdig, men den var mjuk, så den gjekk i boset.
Etter dette hacka eg internett og gjekk og la meg.
Merkelappar:agurk, kjøttdeig, Kvitost, Melkerull, nugatti, rømme, Rundstykke, saft, salat, salsa, skive, taco, tomat
Posta på Uncategorized | Legg att ein kommentar »
22 juni, 2009
Ja, det måtte da også skje meg en gang.
Jeg har glemt å spise i dag. Da jeg sto opp var det nydelig vær(!!) så jeg lå ute i hagen og drakk to glass saft.
Midt på dagen var jeg hjemme en snartur, åt en skalk brød og en banan.
Rislunsj til kvelds. Og en imsdal.
Jeg har vondt i hodet, jeg vet ikke om det er fordi det er tordenvær eller fordi jeg er dehydrert.
Men! Til dagens store høydepunkt: JEG LAGER VANILJEIS på mitt kjøkken. Slik ser det ut, den må røres i hver time i en tre-fire timer fremover. Æ har trua. Selv etter å ha smakt på røra.

1 vaniljestang
150 g sukker
8 eggeplommer
5 dl kremfløte
1 ts vaniljesukker
1) Skrap ut frøene fra vaniljestanga, og ha det i eggedosisen som du har piska av egg og sukker.
2) pisk krem av kremfløten
3) bland alt og sett det i fryseren. JOHOOOO.
Posta på Uncategorized | 1 kommentar »
22 juni, 2009
Då eg våkna i dag, følte eg meg som ein kamel. Ein kamel som har gått litt for lenge uten vatn. Det første eg gjorde var derfor å drikke umenneskelige mengder med vatn. Når dette var gjort, slengte eg meg på sofaen for å sjå The Bank Job på blu-ray. Heilt grei søndagsunderholdning. Eg hadde vore smart og kjøpt chips på vegen heim, så heilt hjernedau kan eg ikkje ha vore. Denne vart vel egentlig både frukost, lunsj og middag, i og med at eg spiste i små dosar over mange timar. I tillegg hadde eg cola og ein melkerull som eg tømte i løpet av kvelden.
Først i 22-tida begynte eg å steike ein Dr. Oetker-pizza med pepperoni. Dette var etter å ha sett både Naked gun 2 1/2, og Naked gun 33 1/3 på Tv2. Dette er sannsynligvis første gang på mange år at eg ser film på tv.
Etter pizzaen blei det ei runde med Xbox360, men eg fant kjapt ut at eg ikkje var i stand til å utrette noko, så eg gikk tilbake til tv-sjåing, og denne gangen var det My Name is Earl. Så begynte Akutten, før eg avslutta kvelden med Extras, som selvfølgelig viste den einaste episoden eg faktisk hadde sett fra før. Så la eg meg.
Søndager altså. Skulle gjerne hatt fleire sånne. Men då hadde eg sikkert blitt ganske feit.
Merkelappar:chips, Coca Cola, Dr. Oetker, Melkerull, pizza, vatn
Posta på Uncategorized | Legg att ein kommentar »
22 juni, 2009
I dag sov eg heilt til klokka 15. Dette var nokre timar meir enn planlagt, men du verden så godt det gjorde.
Det første eg gjorde var å finne ut at eg ikkje hadde noko å ete til frukost (ihvertfall ikkje som eg hadde lyst på), så eg åt ei gulerot for å lure magen til å jobbe litt.
Rundt klokka 17 fant eg ut at det var på tide å reise på butikken, i og med at eg skulle på vorspiel klokka 18. På butikken fant eg ut at eg skulle kjøpe ferdigmat, slik at eg kunne rekke bussen. Ferdigmat var i dette tilfelle Potetmos med pølse. Terningkast 1. At det går an å lage eit så enkelt måltid så dårlig, er nesten utrulig. det hadde faktisk vore mykje billigare (og bedre) om eg lagde det sjølv.
Etter dette var eg innom Idar ein liten svipptur og tok ein Tuborg Lite 0.5l medan eg såg på at Idar spelte PS3 og åt Pomfri med Fiskepinnar.
Etter kvart kom eg meg på vorspielet fashionably late (ca ein time etter at eg sa eg skulle.) Der vart det litt meir fart i konsumet, og eg drakk 3 eller 4 pils før vi gikk ned i 1. etasje der festligheitene skulle foregå. Der fekk vi utdelt Drikkebongar og Champagne. Det var også mulighet for å forsyne seg med fingermat, men eg var litt for opptatt med å drikke med begge hendene.
Etter dette er alt veldig uklart. Einaste eg kan seie med sikkerhet, er at eg var på ein god snurr.
Merkelappar:øl, blackout, fiskepinnar, gulerot, og meir øl, pølser, pomfri, potetmos, sommerfest
Posta på Uncategorized | Legg att ein kommentar »